[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Samfunns- og verdiarbeid

Fair play

Fair play er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Fair play handlar mellom anna om korleis Kvernbit tar imot gjestande lag og dommarar, og korleis vi opptrer under kamp. I tillegg handlar fair play om å bygge gode haldningar til utøvarar, trenarar og føresette, og om å redusere økonomiske og sosiale barrierar for slik å inkludere alle som ønsker å drive med fotball. I 2021 blei Kvernbit kåra til Årets Fair play-klubb i Hordaland.

Custom image

'Fair play' er eit samleomgrep for fotballen sitt samfunns- og verdiarbeid. Kvernbit er ein stor samfunnsaktør for barn og unge i Alver kommune, og har difor eit viktig samfunnsansvar. Vi tar dette ansvaret på alvor, og ønsker å bygge gode haldningar og verdiar i tråd med verdigrunnlaget til norsk idrett. Klubbens verdiar og fair play skal prege all aktivitet i klubben.

Kvernbit oppretta i 2019 eit eiga inkluderingsfond, som gir støtte til å dekke utgifter knytt til medlemsskap og aktivitetar. Over fleire år har Kvernbit hatt eit samarbeid med politi og Trygg Trafikk, med ulike føredrag og refleksaksjon, og saman med Frekhaug frivilligsentral har vi gjennomført strandrydding og fotballaktivitetstilbod i skuleferiar.

Inkluderingsfond

I 2021 blei Kvernbit kåra til Årets Fair play-klubb i Hordaland.

Custom image

Gutar 2016 signerte fair play-kontrakt ved hjelp av tommelavtrykk på Kvernbit-drakta. FOTO: Øystein Røynesdal.

Kampvert

For å bidra til eit godt og trygt kamparrangement, skal det vere minimum éin kampvert på alle kampar. Dersom kampen har fleire kampvertar, kan desse ha ulike fokusområde. Kampverten har på gul kampvertvest og er synleg for alle i og rundt kampen.

Kampverten skal:

Før kampen:

  • møte opp i god tid og ønske begge lag, dommar(ar) og tilskodarar velkommen.
  • delta på fair play-møtet i lag med dommar(ar) og begge lags trenarar.
  • sikre at tilskodarar er plassert på motsett side av innbyttarbenkane.
  • ha kjennskap til plassering av hjartestartar og ha telefon til å ringe 113.

Under kampen:

  • som hovudregel opphalde seg rundt benkane.
  • oppsøke dommar(ar) på banen ved avblåsing til pause og følge dommaren til garderoben.
  • vere tilgjengeleg for dommar undervegs i kampen og i pausen.
  • oppmode til positivitet mellom alle aktørar og handtere eventuelle uønska hendingar.

Etter kampen:

  • møte dommar(ar) på banen etter kampslutt og følge dei til garderoben
  • takke begge lag og dommar for kampen.
  • melde ifrå til fair play-ansvarleg i klubben dersom det oppstod uønska hendingar.

Lagets kampvertansvarleg eller lagleiar er ansvarleg for gjennomføring.

Kvernbit skal tilby seg å stille med ein ekstra kampvert på bortekampar.

Alle lag har vest med "Kampvert" og Fair Play logo på i lagsbagen. Ta kontakt med fair play-ansvarleg ([email protected]) eller materialforvaltar ([email protected]) om du treng vest.

Custom image

Kampvert: Kristine Herland og Andre Pletten under Kvernbit cup 2023. Foto Oddbjørn Rosnes/Avisa Nordhordland.

Fair play-utvalet består av

  • Daniel Eliassen Tveit, fair play-ansvarleg
  • Veronika Sjursæter Eide, inkluderingsansvarleg
  • Jannice Myrmel-Isaksen

Det handlar om respekt, ikkje sant?

Fair play-klubb

IL Kvernbit er ein av over 30 klubbar i NFF Hordaland som har fått tildelt Fair Play-sertifikatet for 2025-sesongen.

Custom image

Leder for Hordaland Fotballkrets' Fair Play-komité Mette Hammersland (t.v.), Kvernbits leder og Fair Play-kontakt Gina Blomberg og kretsleder Tore-Christian Gjelsvik.

Siste nytt
News post image

Idrettslede for alle, uansett kven du er glad i

Forfatter: Atle Haugen

27. april 2026

Fair play