
Velkommen til Fossemyra idrettspark!
Anlegget består av to utandørs kunstgrasbanar (byggjeår: 2003 og 2019), ein fotballhall (kunstgras, 2019) og fleirbrukshallen Meland Aktiv (2005).
Meland Aktiv husar ein storhall med parkett, som tilfredsstiller internasjonale mål for handball, i tillegg til volleyball, turnapparat, basket, innebandy og ein klatrevegg (les meir om aktivitetane i Meland Aktiv). Hallen har dessutan treningsrom, kultursal, kiosk og kontor og møterom. I tillegg har klubben eit klubbhus med pausegarderobar, kjøkken, kontor og samlingslokale, bygt i 2002.
Den første fotballbana blei bygt i 1979. I 2000 blei den første kunstgrasdekket lagt til ein totalkostnad på 4,5 millionar kroner. I 2001 blei det laga til ein grusbane ved fjellet, som seinare fekk kunstgras. Meland Aktiv blei ført opp til ein kostnad i overkant av 30 millionar kroner, og fotballhallen og rehabiliteringa av det eldste kunstgrasbanen, til ein kostnad av 45 millionar kroner. Til sesongstart 2022 blir kunstgrasdekket frå 2003 bytta ut. Trond Mohn har heile tida vore ein uvurderleg økonomisk bidragsytar for å realisere anlegget. I tillegg har eit utal dugnadstimar blitt lagt ned.

FOTBALLHALL

FOSSEMYRA 1

FOSSEMYRA 2

KLUBBHUSET VÅRT LIGG PÅ LANGSIDA VED FOSSEMYRA 1

Foto: Morten Sæle, Avisa Nordhordland.

MELAND AKTIV

STORHALLEN I MELAND AKTIV
Slik finn du oss

E39, riksveg 564 og fylkesveg 244 er vegane du bruker til Fossemyra idrettspark og Meland Aktiv.
-Adressa er: Fosseskarvegen 4, 5919 FREKHAUG-
FRÅ SØR (BERGEN/ÅSANE/VOSS):
► Følg E39 (skiltet Ålesund) nordover til Nordhordlandsbrua.
► Ta av i avkjøringsfelt til høgre etter brua, og følg skilta til Holsnøy/Flatøy på RV 564.
► Ta andre avkjøring (rett fram) i rundkjøring og hald fram på RV 564 i om lag 1,9 km.
► Like etter avkjøring til Frekhaug/Folkehøgskule og gangfelt, ta til høgre. Skilta Idrettsplass (fylkesvei 244).
► Følg vegen i 750 meter til skilt til Fosse. Ta til høgre mot Fosse og du ser idrettsanlegget.
FRÅ NORD (KNARVIK):
► Følg E39 (skiltet Bergen) sørover mot Nordhordlandsbrua.
► Ta av i avkjøringsfelt til høgre like før brua, og følg skilta til Holsnøy/Flatøy og RV 564.
► Ta tredje avkjøring (til venstre) i rundkjøring og hald fram på RV 564.
► Like etter avkjøring til Frekhaug/Folkehøgskule og gangfelt, ta til høyre. Skilta Idrettsplass (fylkesvei 244).
► Følg veien i 750 meter til skilt til Fosse. Ta til høgre mot Fosse og du ser idrettsanlegget.