Velkommen til Kvernbit cup!
Vi ønsker alle tilbake til Frekhaug og Fossemyra idrettspark til Kvernbit cup i 2026! Kampane spelast på Fossemyra. Vi ønsker igjen å vere med på å gi dei yngste laga ein hyggeleg start på haustsesongen. Set av denne helga, og bli med på eit flott arrangement på Fossemyra idrettspark! Foto: Ruben Soltvedt.
Vi ønsker alle tilbake til Frekhaug og Fossemyra idrettspark til Kvernbit cup i 2026!
IL Kvernbit inviterer til Kvernbit Cup 21.-23. august 2026!
Påmeldingsfrist: 1. august 2026.
Vi ønsker igjen å vere med på å gi dei yngste laga ei hyggeleg start på haustsesongen.
Kampane spelast på kunstgrasbanane og i fotballhallen på Fossemyra. Foto: Ruben Soltvedt.
Alle lag spelar alle kampane sine, og har premieutdeling, på same idrettsanlegg i løpet av ein periode på maksimalt fem timar. Spelarar kan berre delta på eitt lag i same klasse. Har laget mange spelarar oppmodar vi heller til å melde på fleire lag. Tilrådd tal på spelarar i troppen er fem spelarar på trearfotball, sju på femmarfotball, ni på sjuarfotball og tolv på niarfotball.
Klassar
| Klasse | født etter | Spelform | Speletid | Speledag |
| J7 | 01.01.2019 | 3v3 | 1x24 min | Lørdag og søndag |
| G7 | 01.01.2019 | 3v3 | 1x24 min | Lørdag og søndag |
| J8 | 01.01.2018 | 5v5 | 1x24 min | Søndag |
| G8 | 01.01.2018 | 5v5 | 1x24 min | Søndag |
| J9 | 01.01.2017 | 5v5 | 1x24 min | Lørdag |
| G9 | 01.01.2017 | 5v5 | 1x24 min | Lørdag |
| J10 | 01.01.2016 | 7v7 | 1x24 min | Søndag |
| G10 | 01.01.2016 | 7v7 | 1x24 min | Søndag |
| J11 | 01.01.2015 | 7v7 | 1x24 min | Lørdag |
| G11 | 01.01.2015 | 7v7 | 1x24 min | Lørdag |
| J12 | 01.01.2014 | 9v9 | 2x18 min | Fredag |
| G12 | 01.01.2014 | 9v9 | 2x18 min | Fredag |
Turneringsplan:
- Fredag 21.08: J12 og G12.
- Lørdag 22.08: J7 og G7, J9 og G9, J11 og G11.
- Søndag 23.08: J7 og G7, J8, G8, J10, G10.
Maskoten Kverni er glad i ein high five eller ti. Kanskje kjem han til Fossemyra i august? Foto: Espen Nilssen.
Bli med på mykje gøy og moro!
Premiering
ALLE ER VINNARAR:
Alle spelarane mottar medalje etter kampane er gjennomført.
Turneringsreglement
Turneringa følger kampregelmentet til NFF og spelereglane for barnefotball.
Fair play
IL Kvernbit er ein sertifisert Fair play-klubb. Turneringa blir gjennomført etter prinsippa som gjeld for fair play i norsk fotball.
Vi vil ha kampvertar til stade under heile turneringa.
Nordhordland Røde Kors står for førstehjelp gjennom heile turneringa.
Fair play-ansvarleg er Daniel Eliassen Tveit.
Kontakt
Ta kontakt med Kvernbit på [email protected].