[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Kvernbit nattcup

IL Kvernbit fotball og ungdomsstyret inviterer ungdomslag til nattcup på Fossemyra, 11.–12. mars 2023. Turneringa går gjennom natta på kunstgraset i fotballhallen vår. Innleiande spel skjer utandørs.

Påmelding

Påmeldingsfrist 4. februar 2023. Det er avgrensa tal på plassar.

Pris: 950,- per lag.

Speleform: 5v5.

Aldersklassar:

JenteklassarGuteklassar
J13 (f.e. 01.01.2010)G13 (f.e. 01.01.2010)
J14 (f.e. 01.01.2009)G14 (f.e. 01.01.2009)
J15 (f.e. 01.01.2008)G15 (f.e. 01.01.2008)
J17 (f.e. 01.01.2007)G16 (f.e. 01.01.2007)
J19 (f.e. 01.01.2004)G19 (f.e. 01.01.2004)

Speletid: 1x17 minutt. Dei to beste plasserte i kvar pulje kvalifiserer seg til A-sluttspel gjennom natta. Det blir minimum tre kampar per påmeldte lag.

Innleiande spel på dagtid, finalespel på kveld/natt og utover morgonkvisten.

Bli med på ein gøy natt med fotball og moro!

Custom image

Det vankar stor pokal til klassevinnaren! Foto: Atle Haugen.

Custom image

Turneringa blir spelt innandørs på kunstgraset i fotballhallen på Fossemyra. Hallen er frå 2019. Foto: Ruben Soltvedt.

Turneringsreglement

LES UTFYLLANDE TURNERINGSREGLEMENTTurneringa følger kampreglementet til NFF og spelereglar for spel på små banar (13 år og eldre).

Speleform i turneringa er 5v5. Speletid: 1x17 minutt.

Kampane blir starta og stoppa av speaker. Dersom eit lag ikkje møter presis vil kampen bli sett i gang så snart begge lag er klar. Kampen avsluttast etter oppsatt kampprogram, og vil dermed medføre kortare speletid. Møter eit lag meir enn fem minutt for seint, blir motstandar tildelt siger på «walkover» og målskår 0-0.

Avspark takast av laget som står oppført først i kampprogrammet.

Sluttspel

Dei to beste laga i kvar pulje går vidare til A-sluttspel. I klassar med fire lag, går alle lag automatisk vidare til A-sluttspel, men plassering i gruppespelet avgjer motstandar.

Dersom to eller fleire lag har like mange poeng etter gruppespelet, avgjerast plassering etter følgande kriterium/rekkefølge: målskilnad/ flest skåra mål/ innbyrdes oppgjer, og til slutt ved myntkast i sekretariatet.

Kampar i sluttspelet avgjerast ved straffesparkkonkurranse dersom det står uavgjort ved full tid.

Spelerett

Turneringa følgjer reglane og retningslinene frå NFF om alder og klasseinndeling. Spelarar må vere gyldig medlem av den klubben dei deltar for. Turneringa følger NFF sine retningsliner for å nytte overårige spelarar (§ 2-3 og § 2-4).

Custom image

Fair play

IL Kvernbit er ein sertifisert Fair play-klubb. Turneringa blir gjennomført etter prinsippa som gjeld for fair play i norsk fotball.

Vi vil ha kampvertar til stade under heile turneringa.

Fair play-ansvarleg er Odd Harald Dommersnes.

Kontakt

Ta kontakt med Kvernbit på [email protected].

Turneringsansvarleg er Atle Haugen, 900 65 135.

Custom image

Kvernbit er ein Kvalitetsklubb.