[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Ny trenarrettleiar i fotballgruppa

Forfatter: Atle Haugen

09. mai 2021

Fotball
Trenar
News article image

Andreas Hopland Larsen er tilsett som trenarrettleiar i fotballgruppa.

Foto: Fred Ivar Utsi Klemetsen, Bergens Tidende.

Andreas studerer grunnskolelærarstudiet ved NLA Breistein, og jobbar som lærarvikar på Rossland skule. Han driv fotballskulen FFO med Larsen AS i Knarvik, og tok trenarrettleiarkurset gjennom NFF i 2020. Andreas er oppforstra i Kvernbit og gått gradene frå barnefotball til seniorfotball. I dag spelar han Andreas i FK Bergen Nord, og har tidlegare òg spelt i Nordhordland BK på seniornivå. Han er no i trenarteamet til G15-lag vårt.

Andreas vil inngå i gjerninga saman med Øystein Røynesdal, som alt har vore i klubben i halvtanna år. Andreas har ansvar for ungdomsavdelinga, medan Øystein har ansvaret for barnefotballen.

Vi håper trenarane vil merke jobben dei gjer på feltet endå tydlegare no som vi har to trenarrettleiarar som rekk over fleire lag enn tidlegare. Målet er at alle lag skal ha fått rettleiing i løpet av året. Dei vil følge laga både i trening og i kamp, og ønsker å vere støttespelarar som trenarar kan komme til med både små og store spørsmål.

Ein gong i halvåret vil trenarrettleiarane arrangere fagseminar for trenarane, og dei har òg ansvaret for å arrangere delkurs av grasrottrenarkurset i klubb.

Vi ønsker begge lykke til i arbeidet!


Om Øystein:

Custom image

Foto: NLA.

Øystein har en mastergrad i coaching og idrettspsykologi fra Norges Idrettshøgskole, og har tatt en bachelor i faglærer i idrett ved Høgskolen i Bergen. Han har tidligere jobbet i videregående skole, og ved Norges Idrettshøgskole, Universitetet i Oslo og Universitetet i Sør-øst Norge, hvor han blant annet har undervist i idrett og kroppsøving, og har forsket på folkehelse og talentutvikling. Nå jobber han som høgskolelektor på NLA Breistein utover hans rolle som trenerveileder hos IL Kvernbit. Han har selv spilt fotball, og har trenererfaring fra Røa IL, hvor han var vært trener på FFO, i ungdomsfotballen og vært trenerkoordinator for ungdomstrenere i klubben.