2023 baud på mange flotte opplevingar
Forfatter: Atle Haugen
27. mars 2024
Fekk du ikkje med deg alt? Les alle gruppene sine fyldige årsmeldingar her.

Året 2023 baud på mange flotte prestasjonar i IL Kvernbit.
Les heile årsmeldinga til idrettslaget for 2023 her.
Mellom høgdepunkta var ein svært god besøkt NM-kamp i Meland Aktiv (volleyball), utøvarar på landslagssamling i både fotball og sandvolleyball, utnemning av første kvinnelege master i Kvernbit (taekwondo), ny runde med turorientering, nytt kajakktilbod (Hekta på kajakk), nytt kull på barnetrimmen, og fleire hundre menneske boltra seg på skeiseisen i vintervekene.
Ivar Askeland dømmer kvar veke på høgste nivå i Eliteserien i fotball, medan Cato Siljander fekk æra av å dømme cupfinalen i volleyball like over nyttår (23/24-utgåva).
IL Kvernbit sender ein stor takk til alle våre gode sponsorar, samarbeidspartnarar, tilsette, trenarar, lagleiarar, tillitsvalde, store og små utøvarar, foreldre og andre som held aktiviteten i idrettslaget gåande.