[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

TINE Fotballskule i haustferien

Forfatter: Atle Haugen

07. september 2025

TINE fotballskole
Fotball
Spelarutvikling
News article image

Påmelding opnar måndag 8. september kl. 12:00.

Foto: TINE.

IL Kvernbit vil i år arrangere TINE Fotballskule i haustferien, veke 41, frå måndag 6. oktober til torsdag 9. oktober. Fotballskulen er for gutar og jenter i 2.-7. klasse (f.2013-2018).

Fotballskulen kostar kr. 700. Vi tilbyr 50 % søskenmoderasjon.

Påmelding.

Påmeldinga opnar måndag 8. september kl. 12:00. Påmeldingsfrist er torsdag 2. oktober ved midnatt.

Vi oppmodar alle til å ete frukost før ankomst. Lunsj blir servert. Alle deltakarar får fotball, t-skjorte, drikkeflaske og sekk frå TINE. Sportsleg ansvar har Eirik Hopland Larsen og Oliver Sudmann.

Tidsplan:

10.00: Oppmøte alle dagar.

11.30: Lunsj (inkl. Litago sjokolademjølk frå TINE).

14.00: Avslutning med frukt.

Hugs drikkeflaske, leggskinn og klede etter vêret.

Inkluderingsfond

IL Kvernbit har oppretta eit fond som skal sikre at medlemmar med anstrengt økonomi får moglegheit til å vere med på aktivitetar i regi av idrettslaget. Medlemmane kan søke om støtte til påmeldingsavgift eller utstyr til bruk på fotballskulen. Du kan sende ein kortfatta søknad til [email protected]. Alle søknadar blir behandla konfidensielt.