Elna Bjørndal hylla som æresmedlem
Forfatter: Atle Haugen
07. januar 2026
Eit stort forbilde til inspirasjon for generasjonar av kvinner – i over 50 år.
Forsidebilde: Styreleiar Torfinn Losnedahl, Lisbeth Sjursen og æresmeldem Elna Bjørndal. Foto: Atle Haugen.
Etter 55 års fartstid som medlem og eldsjel i Kvernbit, vart Elna Helene Bjørndal overraska og hylla – midt under den avsluttande tøyeøkta på årets første fellestrening med dametrimmen, tysdag kveld.
Anført av Lisbeth Sjursen, som mistenkeleg nok hadde snike seg ut frå treninga i to minutt, troppa representantar frå leiinga og ulike undergrupper i idrettslaget, opp i treningslokalet i Meland Aktiv. Desse var ute i eit viktig ærend.
Elna undra seg nok på kva som var i emning. Klar over at ho fyller år om berre to dagar, kunne det jo tenkjast at det var det som skulle markerast. Men det var ikkje dét som stod i fokus denne gangen, sjølv om treningsgjengen seinare likevel skulle bryte ut i bursdagssong med bukk og nikk og nei. I kveld skulle ein av dei med lengst samanhengande medlemsskap i klubben, heidrast.
Primus motor for dametrim
Lisbeth Sjursen, organisator av dametrimmen i dag, tok ordet, og oppsummerte eit langt liv i idretten.
Elna starta opp trening for damer på Sagstad skule tilbake i 1970. Den gong var det ballspel, styrketrening og symjing, som seinare har blitt utvida til aerobic, sirkeltrening, crossfit, step og tabata.
To gongar i veka, kvar veke, gjennom 55 år, har Elna tatt sin faste plass heilt framme i midten.
Elna har dessutan organisert idrettsmerkeprøver, og sjølv tatt idrettsmerket årleg i 50 år.
Dametrimmen starta opp i 1970. Foto: Faksimile frå Kvernbiten - 70-årsjubileumstidsskriftet frå 2000.
Stort forbilde
– Kjære Elna. Du er eit stort forbilde for meg, og fleire av oss som trener saman med deg her kvar veke, innleia Lisbeth sin tale til den nye æresmedlemmen.
– Det er derfor heilt på sin plass at du vert utnemnd som æresmedlem i Kvernbit i dag – og det to dager før 80-årsdagen din! heldt ho fram, før ho overrekte blomar og ei aktiv gåve til ei som likar å trene.
Lisbeth Sjursen heldt ei flott tale og overrekte blomar. Foto: Atle Haugen.
Deretter tok styreleiar i IL Kvernbit, Torfinn Losnedahl, ordet. Han las grunngjevinga for tildelinga.
Der vert det mellom anna trekt fram at Elna har vore ein stor inspirasjon for damer i mange generasjonar, og at hennar innsats har gitt eit viktig bidrag til aktivitet, trivsel og folkehelse i vårt nærmiljø. Les heile grunngjevinga under.
Eit synleg bevis vart overrekt av dagleg leiar, Trond Egil Soltvedt.
På bildet: Trond Egil Soltvedt (dagleg leiar, IL Kvernbit), Atle Haugen (styreleiar, Kvernbit fotball), Stein Ove Haugen (nestleiar, IL Kvernbit), Torfinn Losnedahl (styreleiar, IL Kvernbit), Ingeborg Bragvin Fuglseth (styreleiar, Kvernbit turn), Stina Sherrock (trenar, dametrim) og Elna Helene Bjørndal (nyslått æresmedlem). Foto: Lisbeth Sjursen.
Elna Helene Bjørndal er den trettande æresmedlemmen i IL Kvernbit si historie, og følger mellom anna si gode veninne, Jorunn Brakstad, som fekk utmerkinga i 2009, og som var med å starte opp dametrimmen saman med Ingrid Skurtveit og Elna.
Nyslått æresmedlem i IL Kvernbit etter 55 års innsats. Foto: Kasper Valestrand/Avisa Nordhordland.
IL Kvernbits æresmedlemmar:
- Gustav Morken
- Gunnar Fosse
- Åge Hylleseth
- Steinar Grønhaug (2007)
- Bjørn Tore Hesjedal
- Stein Ove Haugen (2010)
- Vibeke Molvik (2013)
- Trond Egil Soltvedt (2019)
- Olav Tore Fosse (2019)
- Svein Arne Dale (2019)
- Trond Mohn (2019)
- Elna Helene Bjørndal (2026)
Les heile grunngjevinga frå styret:
Til ære for ditt mangeårige og enestående engasjement og bidrag for IL Kvernbit tildeles du Æresmedlemskap.
Din innsats har vært til stor inspirasjon for generasjoner. Du har vært et forbilde og en sann ildsjel for IL Kvernbit siden du startet opp med Dametrimmen for over 50 år siden, hvor du fremdeles trener to ganger i uken i Meland Aktiv.
Du var med å organisere idrettsmerket på Fossemyra, og tok det selv årlig i totalt 50 år.
Vi i Kvernbit er takknemlig og stolt over den innsatsen du har lagt ned for idrettslaget og lokalmiljøet.
Utallige damer har hatt glede av ditt pådriv for aktivitet og trivsel. Du er et stort forbilde og en viktig bidragsyter for økt aktivitet, trivsel og folkehelse i vårt nærmiljø.
Takk for flott innsats i alle år!
6. januar 2026
Torfinn Losnedahl, styreleder, IL Kvernbit
Trond Egil Soltvedt, daglig leder, IL Kvernbit
Spreke damer: Elna vart overraska midt under tøyeøkta på avslutninga av kveldens trening. Resten av dametrimmen samla seg rundt heiderskvinna. Foto: Lisbeth Sjursen.