[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Vann Ballsparkcupen

Forfatter: Atle Haugen

15. november 2028

Fotball
A-kvinner
#KvernbitJenter
News article image

NBK/Kvernbit gjekk til topps i Ballsparkcupen etter ein dramatisk finale på Stemmemyren.

Det var eit stort tal på oppmøtte på tribunen frå både Kvernbit og NBK.

 Kampen vart vist direkte hos Bergens Tidende.

NBK/Kvernbit, som sjølv enda opp midt på tabellen i 4. divisjon, møtte dei suverene serievinnarane av årets 3. divisjon. Men favorittstempelet skremte ikkje damene våre. Som kompensasjon for divisjonsforskjellen, starta NBK/Kvernbit med to straffespark før kampstart. NBK/Kvernbit sette begge. 

Etter ein god kamp der vi heldt Lyngbø ute av skåringsprotokollen, måtte laget til slutt gi tapt med 15 minutt igjen av full tid, og deretter ein gong til. Etter full tid, stod det dermed 2-2 på kampuret, og det heile måtte avgjerast på straffespark.

Straffehelt

Det vart ein jamn straffesparkkonkurrane. Den fjerde straffa sette Eira Austgulen sikkert i mål, men Lyngbø leia likevel med eitt mål etter fire straffar til kvart av laga. Då bestemte målvakt og assistenttrenar, Anna Oline Harnes, seg for å avgjere kampen - heilt åleine. Til det trong ho berre 90 sekund. Først redda ho Lyngbø sin femte straffe, før ho sjølv sette NBK/Kvernbit sin femte, og deretter slo den sjette straffa i tverrliggaren. Dermed kunne Susanne Leikvoll setje den avgjerande straffa i mål.

– Straffekonk er det beste som kan skje, vi vinn kvar gong, sa den store straffehelten til Bergens Tidende etter at sigeren var i boks.

Custom image

POKAL: Straffehelten Harnes og kaptein Marion Monsen med sjekk og pokal etter Ballspark-triumfen. Begge foto: Atle Haugen.