Reglar for filming og fotografering i Kvernbit
Forfatter: Atle Haugen
26. september 2022

Det er ikkje tillate å fotografere og dele utan samtykke!
Filming og fotografering av barne- og ungdomsidretten har blitt meir og meir vanleg. Det er svært viktig at vi passar på at dette skjer innanfor rammene av lovverk og klubben sine retningsliner.
Kvernbit har retningsliner for bilde og bildedeling på sosiale medium, sjå media- og kommunikasjonsplanen. Desse inneber restriksjonar på deling av bilde av barn og unge. Heilt sentralt er det å spørje om lov på førehand, og at bilda ikkje skal kunne identifisere personar.
Likevel ser vi at det blir tatt og delt bilde i sosiale medium – i beste meining. Spesielt problematisk er det med bilde som identifiserer motstandarar, som ikkje har fått moglegheita til å gi samtykke til dette.
Både spelarar og deira føresette må gi samtykke til å bli tatt bilde av, og det er fullt mogleg å reservere seg mot dette. Lagleiarar bør ha (eller få) oversikt over dei som har reservert seg mot bildetaking og –deling på sitt lag.