[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Fire spelarar frå Kvernbit til volleyball-NM

Forfatter: Atle Haugen

16. januar 2025

Volleyball
News article image

NM Regionlag U16 startar i dag, fredag.

KLAR FOR NM: Daniel Norheim, Åsmund Rismyhr, Sjur Aasgard og Fredrik Vespestad. Foto: Privat.

Denne helga - sjølvaste cupfinalehelga - arrangerast NM Regionlag U16 i Ekeberghallen i Oslo. Hordalandslaget har med seg tolv spelarar. Av dei er heile fire frå IL Kvernbit!

Fredrik Vespestad, Daniel Norheim, Åsmund Rismyhr og Sjur Aasgard er dei fire som har fått æra av å representere Kvernbit og Hordaland under noregsmeisterskapen.

Dei fire Kvernbit-gutane har deltatt på volleyballkrinsen sine opne treningssamlingar gjennom heile hausten. Det har vore tre opne samlingar, der spelarar frå mange klubbar og ulike nivå har deltatt med von om utvikling og nye venskap. Mange aktive spelarar har hatt som mål å vise fram sine evner med ball, som lagspelar og humørspreiar, for å fortene ein plass på regionslaget.

Regionslagstrenarane, Torbjørn Milde og Tor Odin Bjørndal Milde, har store lovord om utviklinga til dei fire Kvernbit-representane.

Dei har vore veldig engasjerte og lærevillige. Ikkje minst har dei vore flinke til å ta til seg tilbakemeldingar og instruksjonar, seier Milde og Milde til Kvernbit.no, kvelden før det brakar laus i hovudstaden.

Spelarane har vore gjennom tøffe økter med høg intensitet. Øktene har gitt Kvernbit-spelarane nye referansar. No møter dei endå betre motstand i noregsmeisterskapen.

Trenarduoen er glad for å ha med seg Kvernbit-spelarane.

Vi er stolte og audmjuke for å få lov til å vere med og påverke dei som spelarar, lagkameratar og menneske!

FRÅ ARKIVET: David på ungdomslandslaget

Dei rosar vidare miljøet i Kvernbit:

Kvernbit har verkeleg gjort ein kjempejobb som klubb, med solid vekst, utvikling og lagand, seier trenarane.

Hatten av til alle i Kvernbit Volleyball!

Meisterskapen spelast over tre dagar. Alt fredag kl. 10:00 skal Hordaland i aksjon. Sluttspelet startar lørdag, og finalane spelast søndag.

FRÅ ARKIVET: Kvernbit-gutar i NM

Om NM Regionlag U16 2025

Årets NM Regionlag U16 Volleyball arrangerast i Ekeberghallen i Oslo under Cupfinalehelga 17.-19. januar. OSI er teknisk arrangør av meisterskapen.

Teknisk delegert er vår eigen Vibeke Molvik.

Sjå kampoppsettet.

Slik skildrar regionstrenarane dei fire Kvernbit-gutane:





Heile Kvernbit ønsker lykke til!