[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit-gutar i NM

Forfatter: Atle Haugen

24. mars 2023

Volleyball
News article image

- Målet er å kjempe hardt for å bli blant dei åtte beste laga, seier Kvernbits trenar før NM tar til fredag.

NM i volleyball for U17 er i full gang. Turneringa spelast i Tromsøhallen.

Kvernbit sitt G17-lag kvalifiserte seg til noregsmeisterskapen.

Til kvernbit.no litt tidlegare i vinter, uttalte trenar Vibeke Molvik seg om ambisjonane:

– Målet er å kjempe hardt for å bli blant dei åtte beste laga, og det vil vere ei stor skuffelse om vi ikkje spelar åttedelsfinale. Men vi har eit ungt lag der berre to av spelarane har si siste sesong som U17-spelar. Det blir utruleg spennande!

Laget kan skilte med ein 8. plass i U15 og 21. plass i U17-NM i fjor.

Tøff motstand

I gruppespelet møter Kvernbit storlaga IL Koll og KFUM Volda. Koll tok sølvmedaljane i fjorårets U17-NM, og vann like så god regionsmeisterskapen i Oslo tidlegare i år. KFUM Volda er ikkje mykje dårlegare, med sine sølvmedaljar frå U15-NM i fjor.

Laget består av følgande spelarar:

  • Iver Åmdal (2007), #3
  • David Stenberg (2007), #5
  • Kristoffer Norheim (2007), #8, Legger
  • Nickolai Askeland (2007), #13
  • Johannes Gjerstad (2007), #16, Midt
  • Benjamin Leirvåg (2006), #14
  • Jørgen Glomnes (2007), #17
  • Daniel Miljeteig (2007), #18
  • Ole Rosnes (2006), #20
  • Daniel Norheim (2009), #30
  • Alexander Isdal (2007), #35
  • Adrian Målsnes (2007), #37

Trenar er Vibeke Molvik, og Benedikte og Harald Norheim er lagleiarar.

Resultat

Kvernbit må gjennom eit gruppespel fredag, før sekstendelsfinale fredag kveld.

I den første kampen blei det tap for IL Koll 2-0 i sett (25-10, 25-14).

Den andre kampen enda også med tap i eit jamnt oppgjer mot KFUM Volda. Stillinga blei 2-1 i sett (25-22, 20-25, 15-6). Koll og KFUM Volda skal dermed spele om gruppesiger og direkteplass i åttedelsfinalen.

Sekstendelfinale: Randaberg - Kvernbit 2-0 (25-14, 25-19).

Posisjonssluttspelet om posisjonane 17-24: Kvernbit - Haugesund 1-2 (25-23, 23-25, 13-15).

Posisjonssluttspelet om posisjonane 21-24: Kvernbit - Rossvoll 2-1 (25-22, 21-25, 15-12).

Posisjonssluttspelet om posisjonane 21-22: Sortland VBK - Kvernbit 1-2 (16-25, 25-23, 9-15)

Kvernbit enda dermed på 21. plass i noregsmeisterskapen, og kopierte fjorårsresultatet.


Sjå alle resultata.

Takk!

Kvernbit takkar alle flotte og gode sponsorar som har gjort deltakinga og reisa til Tromsø mogleg: