[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit rykker opp!

Forfatter: Atle Haugen

25. oktober 2024

Fotball
A-herrar
News article image

Ein fullstappa Stemmemyren kunne sleppe jubelen laus etter storsiger i siste kamp.

Foto: Atle Haugen.

Taket løfta seg på Stemmemyren då sluttsignalet gjekk. Foran eit fullsett Stemmemyren - med over 200 tilreisande Kvernbit-supportarar - sikra Kvernbit sitt a-lag herrar fredag kveld opprykk, med 7-2-sigeren over Viking.

Dermed er Kvernbit klar for 4. divisjon i 2025.

I 4. divisjon ventar forhåpentleg to intense lokaloppgjer mot NBK, dersom dei klarar å halde plassen.

Les Avisa Nordhordland og Strilen sine fyldige omtaler.

Historisk

Kvernbit deltok første gong med senior herrelag i seriespelet i 1969. Den gong var sjettedivisjon den lågaste divisjonen. Forutan to år, i 1982 og 1983, har Kvernbits herrar aldri spelt høgare enn nettopp nivå seks.

2024 er dermed den beste sesongen i Kvernbits herrefotballhistorie.

Alt før kampstart gledde hovudtrenaren seg til den avgjerande opprykkskampen:
– Det har vore ein fantastisk sesong uansett korleis det endar, sa Henning Neverdal til kvernbit.no.

Premissen for kampen var enkel. Med poeng i kveldens kamp ville Kverbit rykke opp. Med tap, ville opprykket avhenge av korleis det gjekk i kampen mellom Baune og Ny-Krohnborg. Kvernbit gjorde det enkelt. Og avgjorde på eigenhand.

– Me har jobba hardt for det også. Det har kosta, men me ville aldri bytta denne opplevinga med noko anna, heldt han fram.

Etter at opprykket var i boks, ymta Henning frampå om han kanskje kunne ta seg ein fridag på måndag - noko som straks blei innvilga av dagleg leiar, Trond Egil Soltvedt. Vel fortent!

Custom image

TRENARAPPARATET: Henning Neverdal, Inge Instebø og André Pletten har styrt Kvernbit-skuta i 2024. Her takkar dei dei tilreisande supporterane. FOTO: Erlend Nordland Kristiansen/Strilen.

Ellevill supporterfest

Allereie tre kvarter før kampstart velta dei første bussane inn på parkeringsplassen utanfor Stemmemyren. Dei innleigde bussane var fylt opp med melandbuar og Kvernbit-supporterar. Totalt var det godt over 200 Kvernbit-supporterar på tribunen. Dei gav god lyd frå seg.

Custom image

TRIBUNELIV: Over 200 publikummarar med flagg og supporterskjerf. FOTO: Kasper Valestrand/Avisa Nordhordland.

Forsvarsbauta Christoffer Dale Husebø gler seg over engasjementet på tribunen:

– Det er utruleg kjekt å sjå så mange supporterar på tribunen. Den entusiasmen har gitt ekstra energi inn mot dei siste kampane, seier veteranen.

Husebø var kanskje den som mottok den største applausen for dagen, då han vart bytta ut heilt på tampen av kampen.

At det eigentleg ikkje finst ord for å skildre kor stort det er med all støtta, fekk Inge Instebø på sitt vis formulert i eit intervju med Strilen:

– Det er heilt fantastisk å vere med på. To og ein halv buss frå Frekhaug og innover... , seier Inge Instebø til Strilen.

Custom image

BUSSAR I KØ: Allereie tre kvarter før kampstart velta dei første bussane inn på parkeringsplassen utanfor Stemmemyren. Foto: Atle Haugen.

Deretter kom også BB Transport-bussen for å frakte spelarane heim til klubbhuset på Fossemyra.

Custom image

FOTO: Erlend Nordland Kristiansen/Strilen.