[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kvernbit satsar på kvinnene

Forfatter: Atle Haugen

15. mars 2023

Fotball
Trenar
#KvernbitJenter
News article image

Vi ønsker fleire kvinner til trenarverv i klubben. Er det deg?

TRENARAR I KVERNBIT: Frå venstre: Lise Klaveness (på skjerm), Karianne Hiis Bergh (G8), Sylvia Ingebrigtsen (J15 og J17), Maria Kristine Skjelanger (G8 og J8), Anette Livden (J9, J11 og J13), Renate Eidsnes (G7 og G9, utanfor biletet), Sigrid Aalen Jacobsen (G12, utanfor biletet), Birthe Ann Larsen (J10 og G12) og Mari Ingelin Gausvik Heskestad (G10). Therese Aalhus (G10) og Renate Flatøy Hopland (G7) var ikkje til stades. Også styreleiar Atle Haugen og trenarrettleiarar Øystein Røynesdal og Andreas Hopland Larsen, sneik seg med i det elles lukka forumet – eksklusivt for kvinner. Foto: Andreas Hopland Larsen.

– Kjønnsbalanse har ein eigenverdi. Vi treng fleire kvinner i norsk fotball, seier fotballpresident Lise Klaveness til fotball.no i samband med kvinnedagen 8. mars.

Eit par veker tidlegare, deltok ho i trenarforumet for kvinnelege trenarar i Kvernbit. Til stade var åtte av dei ti kvinnene over 18 år som er trenar i klubben. I etterkant har vi fått endå ei kvinne, Natalia Berge, som trenar for jenter 8 år.

Der diskuterte ho saman med dei kvinnelege trenarane våre kvifor kjønnsbalanse er viktig og korleis klubben kan lukkast med å rekruttere fleire kvinner. Kjønnsbalanse er viktig mellom anna for å skape førebilete for barna, forståing og eit godt sosialt miljø. I tillegg er kunnskap og kjennskap til kvinnehelse viktig – mange fleire jenter enn gutar blir skada i ungdomsåra. Vi treng dei med førstehandskjennskap.

Trenargjerninga er mangfaldig. I tillegg til fotballaktiviteten, er det mykje anna som skjer i og rundt laget. Trenarapparatet treng både personar som kan fylle fotballrolla, i tillegg til personar som kan sjå barna, snakke med dei og løfte det sosiale miljøet. Kvinner kan bidra i begge desse rollene. I tillegg får ein følgje opp og vere til stade for eigne barn, vere med på å skape aktivitet, glede og meistring for barn og ungdom i lokalsamfunnet.

Status i Kvernbit

Kvernbit har i dag elleve kvinner som trenar lag i ulike årsklassar. Totalt er det 105 trenarar og hjelpetrenarar i klubben. Det gir ei kvinnedel på rett i overkant av 10 prosent. Målet er at dette talet skal vekse. I rekrutteringsplanen frå 2021 sette klubben seg mål om å rekruttere fire nye kvinner som trenarar ved oppstart av kvar nye årgang (to på gutelaget og to på jentelaget).

Trenarforumet for kvinnene er meint å dele erfaringar, idear og tankar, og slik skape eit godt miljø for våre kvinnelege trenarar. Dei håpar å bli fleire! Lise lova at ho skal vere med og bidra til å inspirere. Klubben ønsker å legge til rette for dette.

I etterkant av det siste trenarforumet, har klubben arbeidd med ein aktivitetsplan, der vi ønsker å støtte særskild og fremje kvinnetrenarane i klubben.

Ønsker du å bidra?

Målet er å nå 20 kvinner innan utgangen av 2023. Klubben tilbyr trenarkurs til alle nye trenarar, og trenarrettleiarane følger trenarane tett opp for sparring og utvikling.

Kvernbit ønsker og treng fleire kvinner! Som ein del av fotballfamilien blir du også ein del av eit sterkt fellesskap. Du utvidar det sosiale nettverk ditt og får ny kompetanse og kunnskap. Bli med på laget du også!

Ønsker du å bidra? Ta kontakt med:

  • Anette Livden, leiar for trenarforum for kvinner i Kvernbit, telefon: 99224242.
  • Øystein Røynesdal, trenarrettleiar barn, telefon: 97981240.
  • Andreas Hopland Larsen, trenarrettleiar ungdom, telefon: 90605385.
  • Trond Egil Soltvedt, dagleg leiar, telefon: 91810601.

Eller ta kontakt på [email protected].