Medlemsskap
Nye treningstider for hausten
Forfatter: Atle Haugen
07. september 2025
Fotball
Treningstider
Gjeld frå 8. september.
Foto: Ruben Soltvedt.
I samband med oppstart av ny årgang (2019), blir det nokre endringar i treningstidene.
Dei nye treningstidene gjeld frå måndag 8. september.
Ta godt vare på banane, og ver venleg å rydd etter kvar trening. Set mål på plass og samle inn ballar og anna utstyr, og plasser der dette høyrer til. Pass på at alle får med seg tøy og andre eigedelar. Det skal alltid vere litt ryddigare i fotballhallen når du forlèt den enn då du kom. Tusen takk!
Offisielle kampar blir alltid prioritert føre treningar.
Det er viktig at alle kampar og all bruk av banen avtalast med Trond Egil, på e-post: [email protected].