[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Keepertreningar med verdsmeister

Forfatter: Atle Haugen

25. november 2025

Fotball
Spelarutvikling
News article image

Fotballgruppa inviterer målvaktspirar frå 2014 og eldre årgangar, til keepertrening med tidlegare verdsmeister, Reidun Seth.

Treningane vil gå i fotballhallen to måndagar før jul.

  • 8. desember
  • 15. desember

Treningane startar kl. 15:30.

Tilbodet er ope for 12 år og eldre, men vi inkluderer 2014-årgangen allereie no før jul.

Vi vil halde fram med eit sterkt keepertilbod vidare over nyåret.

Merittert trenar

Reidun Seth er tidlegare landslagsmålvakt og har ei lang merittliste. Forutan 71 landskampar er ho verdsmeister frå 1995, europameister frå 1993, og har dessutan VM-sølv (1993), EM-sølv (1989 og 1991) og OL-bronse (1996), å vise til. Etter spelarkarrieren har ho mellom anna vore keepertrenar for aldersbestemte landslag og i Brann fram til 2023, og har lang fartstid frå Bergen keeperskole. Reidun har UEFA A-lisens og UEFA keepertrenar A-lisens.

Custom image

Her er landslagskeeperen avfotografert på eit fotballkort frå 1995 - like før VM som enda i gull.

Foto på forsida: Bergensavisen.