Ærefullt oppdrag: Ivar dømmer cupfinalen
Forfatter: Atle Haugen
20. november 2025
Ivar Askeland frå IL Kvernbit er oppnemd som assistendommar til årets cupfinale.
Foto: Hordalandsfotball.
NFF har oppnemd dommarteamet til årets cupfinale mellom Lillestrøm og Sarpsborg 08. Sivert Øknes Amland frå Fana IL leier cupfinalen, og får med seg Ivar Askeland frå IL Kvernbit og Aleksander Jæger frå Åssiden IF som assistentdommarar. Kristoffer Hagenes frå Hovding er VAR-dommar.
Ivar starta dommarkarrieren i Kvernbit. Han debuterte i 1. divisjon (adeccoligaen) i 2011, før han i 2017 fekk han sitt første oppdrag i eliteserien. Der har han vore fast inventar sidan 2018. Med meir enn 300 oppdrag på dei to øvste nivåa i norsk fotball, er Ivar blitt ein erfaren toppdommar.
Kvernbit gratulerer!