[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Hald fotballhallen rein – eit felles ansvar

Forfatter: Kenneth Strand og Atle Haugen

07. september 2025

Dugnad
Fotballhallen
Fotball
News article image

Fotballhallen er eit viktig samlingspunkt for både spelarar, trenarar, foreldre og frivillige gjennom heile veka. Her følgjer viktig informasjon om rydding i fotballhallen!

RYDDIG FOTBALLHALL: Birthe Ann Larsen og Sigrid Aalen Jacobsen triksar i fotballhallen. Foto: Ruben Soltvedt.

Fotballhallen er eit viktig samlingspunkt for både spelarar, trenarar, foreldre og frivillige gjennom heile veka. Her trenar vi, spelar kampar, heiar på kvarandre og byggjer lagånd. For at alle skal få ei god oppleving i hallen, er det viktig at vi saman tek ansvar for å halde hallen rein og ryddig.

Kvifor er det viktig å halde hallen ryddig?

Ein ryddig hall gir eit betre miljø for både aktivitet og trivsel. Boss på tribunar, i garderobar eller rundt banen skapar ikkje berre eit dårleg inntrykk – det kan også vere til hinder for aktivitet, og er potensielt farleg. Når alle gjer sitt for å rydde etter seg, slepp vi å bruke unødvendige ressursar på ekstra reinhald. Vi ønskjer at alle lag og besøkande skal kjenne ansvar for å ta med seg eigne ting, kaste boss i bossbøtter og sjå etter at garderobar og tribunar er reine når ein forlèt hallen.

Alle bør ta mål av seg å forlate fotballhallen meir ryddig enn før du kom. Saman skapar vi eit trivelegare miljø!

Dugnad for laget med kioskansvar

For å sikre at hallen vert grundig rydda kvar veke, innfører vi no ei fast dugnadsordning: Det laget som har kioskansvar i Meland Aktiv ei veke, har også ansvar for rydding av hallen søndag mellom kl. 15.00 og 18.00.

Dugnadsliste kiosk og rydding

Søndagsrutinar – rydding av fotballhall

  1. Fotballdekket: Sørg for at banen er fri for boss og lause gjenstandar.
  2. Fotballutstyr: Ballar, vestar og anna utstyr plasserast på dedikerte oppbevaringsstader.
  3. Gjengløymt tøy: Gjengløymt tøy leggast i sekk og plasserast utanfor vaktrom i Meland Aktiv.
  4. Fotballmål: Alle mål skal vere plassert på utsida av banen. 3-ar-vanta skal vere plassert i vognene.
  5. Tribune: Boss fjernast, stolar og bord plasserast hensiktsmessig langs vegg.
Custom image

Fotballhallen vart opna i 2019, og er svært populær og mykje brukt.