[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Kjøp årets juletre hos Kvernbit

Forfatter: Atle Haugen

08. desember 2025

Juletre
News article image

Tysdag opnar Kvernbit sitt tradisjonelle juletresal. Kjøp årets juletre hos Kvernbit!

Håvard og Mona stod for opninga i 2025. Foto: Atle Haugen.

Vi håpar du vil sikre deg årets juletre frå oss. Inntektene går rett tilbake til barne- og ungdomsidretten i Kvernbit.

Juletrea er kortreiste - frå Hagesæter på Lindås.

I år har vi eit begrensa tal på juletre tilgjengeleg for sal. Ver difor tidleg ute med å sikre deg ditt.

Ønsker du juletre, men veit ikkje korleis du skal få det med deg? Det kan vi ordne! For kr 200 ekstra køyrer vi juletreet heim til deg. Postadresse Frekhaug.

Over 100 frivillige er i sving for å selje deg juletre. Du møter garantert ein du kjenner.

Opningstider:

  • mån-fre: kl. 12-20
  • lør: kl. 11-19
  • søn: kl. 13-17.

Juletresalet er ope frå tysdag 9. desember til 22. desember - eller så langt lageret rekk!

Custom image

Trond Egil og gode medhjelparar har brukt dagen på å køyre på juletre og rigge opp salsområdet på Frekhaug senter. Foto: Privat.