IL Kvernbit suveren i 19-årsklassane
Forfatter: Andreas Larsen
15. juli 2025

Kvernbit har i vårsesongen enda på førsteplass på øvste nivået som er i juniorfotballen på både jenter 19 og gutar 19. Klubben gratulerer til alle involverte spelarar og trenarar!
På Fossemyra jobbar vi målretta kvar dag med visjonen lengst mogeleg - flest mogeleg - best mogeleg. Kvernbit er i år einaste klubben med to J19-lag i J19-serien. Klubben er og eitt av få lag i Hordaland som har tre juniorlag i G19-serien. Kjekt å sjå at målretta arbeid av flinke trenarar og spelarar lønner seg. Det gror godt i Kvernbit på både jente- og gutesida!
Gutar 19 gjekk ubesigra gjennom vårsesongen, og enda med heile sju sigrar, tre uavgjort og null tap.
Jenter 19 fekk heile seks sigrar, éin uavgjort og eitt tap.
Til hausten ventar, i år som i fjor, interkretsserie for gutane, der dei beste juniorlaga frå Hordaland og Rogaland barkar saman. Dette vert spennande å følge til hausten.
Lagbilete gutar 19

Nede fra venstre: Benjamin, Ariel, Ulrik, Sjur-Markus, Hans Fredrik, Magnus og Eirik.
Øvst fra venstre: Marius, Jakob, Gard, Mathias, Adrian, Oliver, Jesper og Endre.
Klubben rettar stor takk til trenarteamet for gutar 19: Andre Pletten, Eirik Bremerthun, Kim Samuelsen, Per Asle Køhne og Davy Espetvedt.
Lagbilete jenter 19:

Nede fra venstre: Sara (Keeper), Nora, Anna Isabell, Mathea, Eira, Mia og Hannah.
Øvst fra venstre: David (Hovedtrener), Silje, Malene, Jenny, Andrea, Annalisa, Kristina og Sofie.
Klubben rettar stor takk til trenarteamet for jenter: David Soltveit, Ove Henriksen og Tore Andre Fosse.
J14 og G13 har også vunne sin divisjon. Klubben gratulerer!