Turneringar
Deltaking i turneringar utanom regulært seriespel i regi av NFF (Hordaland)
Kvernbit ønskjer at alle våre lag skal melde seg på cupar og andre turneringar utover regulært seriespel i regi av NFF og NFF Hordaland. Klubben vil dekkje lagspåmeldingsavgift for inntil åtte turneringar per årsklasse per år. For lag i alderen 6-12 år, er Kvernbit Cup ein av desse. Deltakarkostnader elles, vert ikkje dekt av klubben.
Sommarcupar Kvernbit plar reise til:
- Voss cup, Voss - juni (7-12 år)
- Lerum cup, Sogndal, juni (første helg i skuleferien) (13-14 år)
- Sør cup, Kristiansand, juni (første helg i skuleferien) (13-19 år)
- Norway cup, Oslo, juli-august (15-19 år)
- Dana cup, Hjørring, Danmark - juli (15-19 år)
Kvernbit ønskjer at alle våre lag skal melde seg på cupar og andre turneringar utover regulært seriespel i regi av NFF og NFF Hordaland. Klubben vil dekke lagspåmeldingsavgift for inntil åtte turneringar per årsklasse per kjønn per år. For lag i alderen 6-12 år, er Kvernbit Cup ein av desse. Deltakar- , opphalds- og reisekostnader elles, vert ikkje dekt av klubben.
Ved deltaking på turneringar utover ovannemnte tal, ber spelarane sjølv kostnaden med turneringa. All økonomi i tilknyting til aktivitet i klubben skal uansett gå gjennom klubben sine konti. Foreldrekontakt leverer til klubben eit oversyn på fordeling av kostnad ved turneringa fordelt på kvar spelar. Turneringar utover dei som vert dekt av klubben, skal ikkje vere eigna til å stenge ute/diskriminere einskildspelarar eller grupper av spelarar, men vere eit tilbod til alle spelarane på laget.
Førebuingar
Søknad til styret
Lagleiar/foreldrekontakt søkjer om deltaking i turnering til fotballstyret.
Fritak frå søknad
For deltaking på turneringar innanfor ramma på talet turneringar klubben dekkjer, og som ikkje inneber ekstra deltakar-, opphalds- og/eller reisekostnader, er laget fritatt frå å søkje styret om deltaking i turneringa. Faktura for lagspåmeldinga skal leverast til administrasjonen. Dette kan sendast til Administrasjonskonsulent på [email protected].
Særskild søknad
For søknad om deltaking på turneringar som inneber ekstra deltakar-, opphalds- og/eller reisekostnader, eller er utanom ramma på det talet turneringar som klubben dekkjer, må det søkjast særskild til fotballstyret ved å sende ei e-post til [email protected].
Søknaden skal innehalde ein plan for gjennomføring, kven som står ansvarleg for planlegginga, kven som skal delta som leiarar, og budsjett. Inntektsbringande tiltak skal godkjennast av fotballstyret, og fotballstyret fastset den delen av inntektene som laget kan nytte.
Budsjett skal leggast fram for og godkjennast av styret. I budsjettet skal det gå fram korleis deltakinga skal finansierast, spesifisert på
- dugnadsinnsats
- inntekt frå sal av annonser
- eventuell annan stønad
- eigendel
Deltakar- og opphaldskostnaden for minimum to vaksne leiarar skal fordelast likt på spelarane.
Laget er sjølv ansvarleg for at budsjettet går i balanse.
Politiattest skal førevisast for leiarane som deltek på turneringa.
Deltakinga i turneringa skal elles gå føre seg i tråd med Kvernbit sine verdiar, sportsplan, fair play og retningsliner på sosiale medium, alkohol og rusmidlar.
Søknaden skal vere godkjent av fotballstyret før endeleg påmelding.
Sommarcupar
Styret ønskjer å samle laga våre mest mogleg på sommarturneringar. Foreldrekontaktansvarleg vil kvart år i september månad samle alle foreldrekontaktane til møte om sommarcupdeltaking påfølgjande år, for å koordinere kvar laga reiser.