[email protected]


Logo
Bli medlem
Medlemsskap

Første fotballtrening for 2019-kullet

Forfatter: Atle Haugen

07. september 2025

Fotball
News article image

Første trening onsdag kl. 17:15 i fotballhallen.

Foto: Ruben Soltvedt.

IL Kvernbit ønsker alle som skal begynne i førsteklasse velkommen til fotballtrening hos oss.

Førre veke hadde vi eit informasjonsmøte for foreldre, der klubben gav informasjon om treningsforhold, treningstider og kva tilbodet inneber for førsteklassingane.

Treningstid er onsdagar kl. 17:15. Første trening er onsdag 10. september.

Velkommen!

Her kan du melde inn ditt barn:

  • Innmelding fotball gutar 2019

Aktiviteten i Kvernbit er dugnadsbasert. Ønsker du å bidra i støtteapparatet, ta kontakt allereie i dag på [email protected]! Vi treng trenarar, lagleiarar og foreldrekontaktar. Vi oppmodar både kvinner og menn, spesielt kvinner, frå Grasdal og Sagstad skulekrinsar til å melde seg som trenar. Kvernbit ønsker å bygge opp eit sterkt miljø for kvinnelege trenarar.

For å bli trenar i Kvernbit treng du ingen forkunnskapar. Du vil få god kursing og rettleiing, og mykje god kvalitetstid.

Som trenar i Kvernbit får du:

  • rettleiing og tett oppfølging frå erfarne trenarrettleiarar
  • ta del i eit godt og robust trenarapparat
  • tilbod om trenarkurs i takt med utviklinga til spelarane
  • eigne trenarforum for kvinner

Som ein del av fotballfamilien blir du i tillegg ein del av eit sterkt fellesskap. Du utvider det sosiale nettverket ditt og får ny kompetanse og kunnskap. Bli med på laget, du òg!

Bli grasrottrenar i Kvernbit!

Inkluderingsfond

IL Kvernbit har oppretta eit fond som skal sikre at medlemmar med anstrengt økonomi får moglegheit til å vere med på aktivitetar i regi av idrettslaget. Medlemmane kan søke om støtte til påmeldingsavgift eller utstyr til bruk på fotballskulen. Du kan sende ein kortfatta søknad til [email protected]. Alle søknadar blir behandla konfidensielt.