Trenarbytte før lokaloppgjer
Forfatter: Atle Haugen
16. august 2025

Bent-Inge Sellevold, Steve Elde og Geir-Atle Osa tar over a-laget etter Henning Neverdal og André Pletten.
NYTT STØTTEAPPARAT: F.v.: Inge Instebø, Geir-Atle Osa, Bengt-Inge Sellevold og Eirik Sagstad. Foto: Andreas Hopland Larsen.
Lørdag møter Kvernbit NBK i Knarvik, til det andre lokaloppgjeret i årets 4. divisjon menn. Over 1000 frammøtte skapte folkefest på sidelinja på Fossemyra i april, men det sportslege resultatet var eit frampeik mot ein tøff førstesesong på nivå fem i norsk fotball, etter det historiske opprykket i fjor haust.
Gir stafettpinnen vidare
Henning Neverdal, som har vore a-lagstrenar sidan 2024, har denne veka valt å gi stafettpinnen vidare til nye krefter. Sjølv om han fortsatt var motivert for å gå på haustsesongen, følte han at det beste for klubben vil vere å få inn nye kostar.
André Pletten held fram som trenar for G19.
Henning forslo sjølv sine etterfølgarar, som vi no er glade for at har tatt på seg oppdraget.
Nytt trenarapparat
Det nye trenarapparatet består av:
- Bent-Inge Sellevold
- Steve Elde
- Geir-Atle Osa
Inge Instebø held fram i ei viktig rolle rundt laget, og får i tillegg med Eirik Sagstad.

ELDPRØVE: Kaptein, Andreas Hopland Larsen, måtte brøyte seg gjennom folkemassene i heimekampen mot NBK. Det nye trenarapparatet møter NBK til lokaloppgjer i sin første kamp. Foto: Rune Eknes/Ruben Soltvedt.
At første eldprøva for dei nye trenarane blir NBK er kanskje passande.
Bent-Inge kjenner NBK godt, som tidlegare a-trenar (og på aldersbestemt nivå) i NBK i fleire periodar. Han har også ei fortid i Radøy/Manger og Åsane, som spelar.
Steve Elde (bilde) er trenar for G16, og har følgt dette laget heilt sidan dette kullet starta med fotball i 2016. Steve har eit par år bak seg som sportsleg leiar i klubben, og har god oversikt over kva som rører seg i ungdomsavdelinga i Kvernbit.

Med seg får dei også Geir-Atle Osa. Geir-Atle har det siste halvanna året vore trenar for Radøy FK, men gav seg i den jobben i juli i år. Bent-Inge og Geir-Atle er dessutan gamle kjenningar, og danna trenarduo i NBK alt tilbake i 2010.
Dei nye trenarane hadde si første trening med laget onsdag kveld.
Takkar av Henning
Henning Neverdal vart historisk då han førte Kvernbit opp ein divisjon i fjorårssesongen. Henning kom til Kvernbit frå Lindås i 2005, og allereie året etter tok han over - saman med Robert Blom - som spelande trenar. Han var lenge ein forsvarsbauta for a-laget. Han tok del i trenartrioen som skulle gjenoppbygge a-laget i 2012, og tok over hovudansvaret etter Robert Blom før 2024-sesongen. Den enda med eit historisk opprykk for Kvernbit.
Henning var sportsleg leiar i perioden 2008-2016, og var sentral i å skrive sportsplanen, som også dagens sportsplan bygger på.
Henning har følgt 2005- og 2007-årgangane frå seks år og heilt opp til senior, og har med det stor del av talentutviklinga i klubben som har skjedd dei siste åra.
Kvernbit takkar Henning for innsatsen, og håpar på eit fortsatt sterkt engasjement for klubben.

OPPRYKK: Henning Neverdal, Inge Instebø og André Pletten førte a-laget til eit historisk opprykk i 2024. FOTO: Erlend Nordland Kristiansen/Strilen.