[email protected]


Logo
Bli medlem
Fotball
Hero image

Spelar- og trenarutvikling

Trenarutvikling

IL Kvernbit ønsker best mogleg kvalitet på aktiviteten og trenarane våre. Vi ønsker derfor å motivere alle trenarar til å ta grasrottrenarutdanning, og tilbyr ofte kurs på Fossemyra. I tillegg har vi tilsett ein trenarrettleiar i halv stilling, som skal gi støtte til foreldretrenarane. Dette er viktig for å auke kvaliteten og tryggleiken til trenarane i det arbeidet dei utfører kvar einaste dag, og er eit viktig ledd i kvalitetsklubbprosjektet. Vi forsøker å arrangere flest moglege kurs lokalt på Fossemyra, og klubben dekker sjølvsagt alltid kursavgifta. Foto: Ruben Soltvedt.

Meld deg på trenarkurs

Trenarutviklingsplan

Trenarutviklingsplanen for barne- og ungdomsfotballen er utvikla med formålet å skape eit felles rammeverk som trenarrettleiarar i klubben kan arbeide etter, og å bruke i både samtaler med og rettleiing av fotballtrenarar i IL Kvernbit. Vi håper at dette kan opplevast nyttig og inspirere både trenarar, lagleiarar og foreldre, og at vi på denne måten kan bidra til å skape endå betre, tryggare og meir meistringsfokusert fotballaktivitet i klubben vår.

Trenarutviklingsplanen er utarbeidd av trenarrettleiar Andreas Hopland Larsen og tidlegare trenarrettleiar i Kvernbit, Øystein Røynesdal.

Du finn planen her:

Hero image

Trenarutvikling

Kvinnelege trenarar i Kvernbit (KTK)

I 2023 blei det oppretta eit eige trenarforum for kvinnelege trenarar i Kvernbit (KTK). Balanse i støtteapparatet kjem både barna og dei mannlege trenarkollegaene til gode. Trenargjerninga er mangfaldig. I tillegg til fotballaktiviteten, er det mykje anna som skjer i og rundt laget. Foto: Ruben Soltvedt.

Trenarapparatet treng både personar som kan fylle fotballrolla, i tillegg til personar som kan sjå barna, snakke med dei og løfte det sosiale miljøet. Både menn og kvinner kan bidra i begge desse rollene. I tillegg får ein følgje opp og vere til stade for eigne barn, vere med på å skape aktivitet, glede og meistring for barn og ungdom i lokalsamfunnet. 

Hero image

Trenarutvikling

Ungdomstrenarar

Klubben har om lag 20 dyktige ungdommar som har bidratt som hjelpetrenarar på lag i yngre årsklassar. Her frå trenarkurs i 2022. Foto: Andreas Hopland Larsen.

Hero image

Trenarutvikling

Trenarrettleiar

Fotballgruppa har sidan 2019 hatt tilsett trenarrettleiarar i 20 prosent stilling. I 2024 blei dette auka til 50 prosent ved Andreas Hopland Larsen. Trenarrettleiaren er ein stor ressurs for dei frivillige foreldretrenarane i klubben, og har ei viktig rolle for å styrke aktiviteten, forhindre fråfall, og bidra til å gi eit best mogeleg tilbod til flest mogeleg, lengst mogeleg. Målet er at alle lag skal ha fått rettleiing i løpet av året. I tillegg har Andreas hjelpt til ved trenarkabal, hospitering og andre sportsleg-administrative oppgåver. Foto: Fred-Ivar Utsi Klemetsen/Bergens Tidende.

Hero image

Trenarutvikling

Suksesstrenar

Henning Neverdal tok over a-laget før 2024-sesongen. Han har har følgt 2005-årgangen frå dei starta å spele fotball, og fram til dei no har tatt steget inn på a-laget. Med seg har han alltid André Pletten. Foto: Kasper Valestrand/Avisa Nordhordland.

Siste nytt
News post image

Glenn-Roger og Håvard kan bli årets grasrottrenarar

Røystinga startar onsdag kl. 12:00!

Forfatter: Atle Haugen

01. oktober 2024

Fotball
Trenar